Havområdet utanfor Stad byr på store utfordringar for skipsfarten. Ein kombinasjon av havstraumar og undersjøisk topografi skapar spesielt komplekse bølgeforhold som er vanskelege å spå. Svært høge bølger kan skape kritiske situasjonar for fartøy som passerer Stad. Dei vanskelege vêr- og seglingsforholda fører til at fartøy ofte bruker fleire gonger så lang tid forbi Stad som ved normale vêrforhold. I dei verste tilfella må fartøy vente med å passere Stad.

Ein skipstunnel har vore etterspurd lokalt i mange år. Fleire utredningar er gjennomført. No ligg tunnelen inne med finansiering allereie i første seksårsperiode av Nasjonal transportplan 2018-2029.

— Vi er glade for at skipstunnelen no blir ein realitet. Den vil føye Vestlandet saman til ein heilskapleg region langs sjøvegen. Vi legg òg til rette for at hurtigbåttilbodet utvides heile vegen frå Bergen til Ålesund og at reisetida blir forkorta, seier Solvik-Olsen.

Det er gjennomført Konseptvalutgreiing (KVU) og ekstern kvalitetssikring av to alternativ – liten og stor tunnel. Prosjektet er planlagd vidare med utgangspunkt i stor tunnel. Tunnelen blir 1700 meter lang, 50 meter frå botn til tunneltak og 36 meter brei. Tunnelen er planlagd utbygd gjennom Stad-halvøya, mellom inst i Moldefjorden og Kjødepollen i Vanylvsfjorden, sør i Selje kommune.

Prosjektet er berekna å koste om lag 2,7 milliardar kroner og er venta å ta 3-4 år å ferdigstille.

Les meir om prosjektet på Kystverket sin hjemmeside