Prosjektgruppa for Stad skipstunnel har saman med Visit Nordfjord arrangert konferanse om turistdestinasjonen Stad skipstunnel. Om lag 80 personar var samla 7. og 8. november på Knutholmen i Kalvåg for å engasjere seg i korleis verdas fyrste skipstunnel skal bli ein turistdestinasjon. I tillegg til lokalt reise- og næringsliv vitja representantar frå Stortinget, fylkeskommunen, Kystverket, Redningsselskapet, Innovasjon Norge, Forum for norsk reiseliv og NCE Tourism Fjord Norge konferansen. Konferansier Arne Hjeltnes sparka det heile i gong før han gav ordet vidare til ei rekke initiativrike og inspirerande foredragshaldarar.

Avdelingsdirektør for reiseliv og mat i Innovasjon Norge, Audun Pettersen, stilte spørsmålet: «Kan en tunnel være en attraksjon?». Svaret var tydeleg og klart, ja! Planane om skipstunnelen har allereie skapt mykje internasjonal merksemd. Skipstunnelen har generert over 2000 artiklar online og offline – mange av dei er internasjonale hjå store mediehus som BBC, Der Tagsspiegel, og RTL. Derfor må arbeidet med å legge til rette for turismen starte no. Ein må utvikle opplevingar rundt og gje turistane ein god grunn til å kome til Nordfjord, Vestlandet og Norge. Næringslivstoppane Sverre Søraa (Coast Seafood) og John Olav Lefdal (Lefdal Invest) presenterte sine prosjekt som skal vere med påå legge til rette for denne turismen. Sverre Søraa held innlegg om byggeprosjektet på sentrumstomta i Måløy der hotell og reiseliv er x-faktor, medan John Olav Lefdal og Arthur Kordt (European Cruise Service) fortalte om Stad skipstunnel som cruise destinasjon. Senior administrerande direktør i Hotel Alexandra, Eivind Grov, presenterte Alexandra og Loen som motor i reiselivet i Nordfjord. Han presenterte attraksjonsutvikling i Stryn kommune og brukte Hoven Loen prosjektet som eit eksempel til etterfølge. Investor og eigar i hotellkjeda Classic Norway, Erik Berg, snakka om lønsame distriktshotell og korleis ein kan gjere eksisterande produkt enno betre.

Tilrettelegging for aktivitet og turisme i begge endar av tunnelen var eit viktig fokusområde som alle kunne einast om. Konferansen var verkeleg eit startskot for destinasjonen Stad skipstunnel. Dag Aksnes, direktør i NCE Tourism Fjord Norge, leia ein «workshop» desse to dagane. Han var imponert over oppmøtet og poengterte ovanfor dei frammøtte at han aldri hadde sett make til forsamling. At så mange næringslivstoppar og politikarar samlar seg om ei slik tilstelling i to dagar er fantastisk og lovar svært godt for det vidare arbeidet.