Illustrasjon av Stad skipstunnel laget av Kystverket / Snøhetta

Illustrasjon av Stad skipstunnel laget av Kystverket / Snøhetta

 

NASJONAL TRANSPORTPLAN (NTP) 2018-2029:

Høgre, Framstegspartiet, Kristelig Folkeparti og Venstre er samde om å starte bygginga av Stad skipstunnel i 1. periode av Nasjonal Transportplan (NTP) 2018-2029. Den totale kostnaden er på 2.699 millionar kroner. Det er sett av 1.504 millionar kroner 1. periode og 1.196 millionar kroner i 2. periode. Dermed er Stad skipstunnel fullfinansiert.

Sitat Høgre v/Bjørn Lødemel:
I fleire tiår har det vore jobba målretta for å bygge Stad skipstunnel. No blir dette ein realitet takka vere
regjeringspartia Høgre og FrP og samarbeidspartia KrF og Venstre. Stad skipstunnel vil bli verdas første
skipstunnel. Den vil gje trygg reise forbi Stad, legge til rette for næringsutvikling og regionbygging og bli eit
turistmål i verdsklasse. Den vil også det vil legge til rette for å få meir transport frå veg til sjø, noko som også er
ei målsetting for regjeringspartia og samarbeidspartia. Dette er ein historisk dag.

Sitat Frp v/Lars Svein Drabløs:
Eg er glad for at Stad skipstunnel no endeleg vert realisert. – Det har over fleire tiår vore gjeve politiske løfte om
at skipstunellen skulle bli ein realitet, utan at verken planar eller pengar har vore på plass. No seier FrP/Høgre
regjeringa, saman med samarbeidspartia, at tida for politiske løfter er over, no er det tid for å innfri. Sogn og
Fjordane FrP har hatt skipstunellen som sin hovudprioritet i våre innspel til Samferdsledepartementet og FrP sin
transportfraksjon på Stortinget. Det er svært gledeleg at vi er lytta til og at vi får oppstart så snart alle planar og
anbod er på plass, seier Drabløs.

Sitat Venstre v/Sveinung Rotevatn:
Det blir stadig tøffare kamp om samferdslemidlane, og Stad skipstunnel har vore skubba på i alt for mange år.
Eg er difor veldig glad for at vi omsider har klart å skjere gjennom. No kjem tunnelen, og gir heilt nye
moglegheiter for både næringstransport og passasjertrafikk. Vestlandskysten blir omsider knytt ordentleg saman,
uavhengig av vêr av vind. I dag heisar vi flagget på kysten!

Sitat KrF v/Tore Storehaug:
For ein som har vakse opp på kysten og opplevd både uver og farlige situasjonar er det ekstra stort å oppleve at
vi no får gjennomslag for vår førsteprioritet, Stad skipstunnel. Med prosjektet på plass knyter vi kysten saman og
gir området endå ein kvalitet av internasjonal standard. Stad skipstunnel viser framfor alt at vi er villige til å
satse på kysten!

KONTAKTPERSONAR SOGN OG FJORDANE:
Bjørn Lødemel/stortingsrepr./Høgre. tlf. 917 77 488
Lars-Svein Drabløs/fylkesleiar/ FrP tlf. 924 22 040
Sveinung Rotevatn/stortingsrepr./Venstre tlf. 951 46 487
Tore Storehaug/stortingskandidat/ KrF tlf. 941 45 145
Sendt av Høgre-fylkessekretær Ingvar Torsvik Myrvollen, tlf. 901 23 185