Alle med interesse for verdas første skipstunnel får no ein unik sjanse til å vere saman og diskutere moglegheiter for ringverknadar langs kysten vår. Havila Capella vert arenaen for ein spanande konferanse på nordgåande kystruteseglas den 5. mai. Det er styringsgruppa for utviklingsarbeid rundt Stad skipstunnel og vekstselskapa i dei tre kommunane Stad, Kinn og Vanylven som arrangerer konferansen.

Konferansen startar om bord i Havila Capella ved avreise frå Måløy om kl. 07.00 om morgonen og vert avslutta ved kai i Ålesund ut på ettermiddagen. På veg nordover seglar vi inn i Moldefjorden der vi får sjå kvar innløpet på sørsida til skipstunnelen kjem. Derifrå tek vi turen rundt Stadt,  gjennom Flåværleia, med stopp i Torvika og deretter vidare til Ålesund.

Styringsguppa ynskjer med denne konferansen å setje fokus på moglegheitene skipstunnelen vil gje for flytting av persontransport og gods til sjø, der både tryggleik, regularitet og punktlighet aukar. Til konferansen er det henta inn fleire innleiarar som vil snakke om grøn skipsfart, hurtigbåtforbindelse Ålesund-Bergen, verdiskapinga i sjømatnæringa, presentasjon av lokale utviklingsprosjekt, og ikkje minst korleis Stad skipstunnel kan bli eit internasjonalt reiselivsikon. Verdas første skipstunnel vil skape vekst for regional næringsutvkling og offentleg infrastruktur blant anna gjennom berekraftig masseforvaltning i samband med bygging av skipstunnelen.

Konfransier Eli Kari Gjengedal vil lose oss gjennom programmet som byr på representantar frå regjering, fylkeskommunane, Kystverket, Sjøfartsdirektoratet, Mowi, Kystalliansen, Norled, Fjord Norge, NHO Vestland, Havila Kystruten m.fl.

Det er kun 70 plasser fra Måløy-Ålesund, så her bør du vere tidleg ute å bestille billett. 

Hvis det er ønskelig å overnatte i Måløy fra 4.-5. mai, eller å overnatte om bord i Havila Capella med avreise fra Bergen 4. mai, så ta direkte kontakt med anette@maloyvekst.no.