Regjeringa sin beslutning om å skrinlegge Stad skipstunnel er eit kraftig slag i ansiktet på kysten. Eit prosjekt som Stortinget allereie har vedteke, og som næringslivet, kommunane og kystsamfunna har investert millionar og store forventningar i, blir no forsøkt parkert – på feil grunnlag.
– Med tanke på dei store konsekvensane prosjektet har for sjøsikkerheit, forutsigbar transport, næringsutvikling, busetjing og framtidig verdiskaping, så har vi stor tru på at det store fleirtalet på Stortinget som heile vegen har støtta realiseringa av tunnelen, framleis vil sikre fleirtal for dette, seier Frank Willy Djuvik, dagleg leiar i Måløy Vekst og leiar for styringsgruppa for Stad skipstunnel.
Næringslivet på kysten står samla
Over 500 verksemder, frå fiskerinæringa og sjøtransport til industri, reiseliv og havbruk, har signert oppropet for bygging av Stad skipstunnel. Desse representerer fleire tusen arbeidsplassar og milliardverdiar i eksportinntekter.
– Stad skipstunnel er ikkje eit lokalt prosjekt for Selje og Måløy. Dette er eit nasjonalt prosjekt med enorme ringverknader. Den vil gjere sjøvegen tryggare og meir effektiv, redusere utslepp, skape betre logistikk, styrke eksporten og knyte kysten tettare saman. Dette er rett og slett eit prosjekt som vil tene heile Noreg, seier Djuvik.
Ein uansvarleg beslutning
At regjeringa vel å stoppe prosjektet utan å fullføre forhandlingane med entreprenørane, er både forhasta og uansvarleg. Kystverket har allereie brukt store ressursar på planlegging og eigedomskjøp, og kostnadsveksten i prosjektet er på linje med andre nasjonale infrastrukturprosjekt dei siste åra.
– Dersom dette prosjektet hadde ligge på Austlandet, ville det allereie vore under bygging. Når kysten endeleg får eit avgjerande infrastrukturprosjekt, blir det kalla for dyrt. Det er eit signal om at regjeringa ikkje forstår kor mykje verdiskaping, eksport og arbeidsplassar som faktisk kjem frå kysten, seier Djuvik.
Kysten gir seg ikkje
Stad skipstunnel vil bidra til tryggleik på sjøen, fleire bu- og arbeidsregionar og ei meir berekraftig transportutvikling. Dette er eit prosjekt som står seg både samfunnsøkonomisk og strategisk, og som vil gje ringverknader langt utover Stad og Nordfjord.
– Vi forventar at Stortinget tek ansvar når budsjettet skal behandlast i desember. Det er her den verkelege prøven kjem. No må stortingsfleirtalet vise at dei står ved tidlegare vedtak – og at kysten ikkje blir nedprioritert når pengar skal fordelast, seier Djuvik.
Stad skipstunnel handlar om meir enn trygg ferdsel. Det handlar om framtida for norsk kystnæring, om eksport, arbeidsplassar, busetjing og verdiskaping langs heile kysten.
Å setje ein strek over dette prosjektet no, etter over tretti år med planlegging og brei politisk støtte, vil vere eit alvorleg tilbakeslag for både kystpolitikken og tilliten til nasjonale samferdselsløfte.
– Regjeringa seier tunnelen er for dyr. Vi seier: Det er for dyrt å la vere, avsluttar Djuvik.