Eit samla næringsliv langs kysten står no bak eit opprop for realisering av Stad skipstunnel. Over 450 verksemder har signert oppropet, frå enkeltpersonsforetak til store konsern, i tillegg til fylkeskommunar, kommunar og nasjonale og regionale interesseorganisasjonar.
Mellom dei som har signert finn vi Noregs Fiskarlag, Kystrederiene, Hurtigbåtforbundet, NHO Vestland og NHO Møre og Romsdal. Desse representerer i seg sjølv hundrevis av verksemder og arbeidsplassar.
– Dette syner at kravet om Stad skipstunnel kjem frå heile næringslivet, og særleg frå dei som driv næring og har sin arbeidsplass på sjøen, seier Frank Willy Djuvik på vegne av styringsgruppa for Stad skipstunnel.
Oppropet peikar på at Stad skipstunnel vil sikre trygg og føreseieleg ferdsel året rundt på ei av dei mest verutsette strekningane langs kysten, at den vil styrke verdiskapinga og konkurransekrafta for norsk næringsliv, og at tunnelen har like god samfunnsøkonomisk nytte som store jernbaneprosjekt eller vegprosjekt på Austlandet.
Kritikarane tek feil
Dei som har vore kritiske til prosjektet har påstått at båtar som går langs kysten ikkje vil bruke tunnelen. Dette blir tilbakevist av den samla støtta frå næringa sjølv. Når både kystrederi, fiskeflåten, hurtigbåtoperatørar og havbruksnæringa står bak oppropet, er bodskapen klar: næringa vil ha tunnelen, og næringa vil bruke den.
Klart krav til politikarane
Oppropet har to tydelege krav til regjering og Storting:
- Kystverket må få fullføre forhandlingane med entreprenørane slik at den endelege prisen kjem på bordet.
- Stad skipstunnel må no realiserast.
Oppropet minner også om at Stad skipstunnel ikkje har hatt større kostnadsvekst enn andre infrastrukturprosjekt i Noreg i perioden 2021–2025.
– Dette er ikkje eit sløseriprosjekt, men eit avgjerande infrastrukturprosjekt for kysten og for heile landet, heiter det i oppropet.
Vedlagt ligg liste over verksemder som hittil har signert oppropet. Og her er sjølve oppropet dei har signert på:
OPPROP FOR REALISERING AV STAD SKIPSTUNNEL
Til regjering og Storting:
Vi som står bak dette oppropet, representerer innbyggjarar, organisasjonar, næringsliv og arbeidsplassar langs heile vestlandskysten.
Vi krev at Stad skipstunnel no blir realisert. Dette er eit av dei viktigaste samferdselsprosjekta for norsk kystnæring i moderne tid. Prosjektet vil:
- sikre trygg og føreseieleg ferdsel året rundt på ei av dei mest vêrutsette strekningane i landet
- erstatte ei dårleg og farleg skipslei, på same måte som vegutbetringar gjer. Dagens farlege skipslei medfører at mindre fartøy taper verdiskaping ved å måtte ligge til kai, medan større fartøy må gå lenger ut på havet.
- styrkje verdiskaping, eksport og konkurransekraft for norsk næringsliv
- binde Vestlandet betre saman, skape nye bu- og arbeidsregionar og auke beredskapen langs kysten
- redusere utslepp og gje store miljøgevinstar
- opne for ny turisme og utvikling av kystsamfunna våre
Stad skipstunnel har like god samfunnsøkonomisk nytte som jernbaneprosjekt på Austlandet. Då kan ikkje prosjekt på Vestlandet kallast sløseri, medan store infrastrukturprosjekt på Austlandet blir prioriterte år etter år. Ein balansert og berekraftig transportpolitikk må og løfte sjøvegen. Stad skipstunnel er eit grep som knytter kyst-Norge tettare saman, avlastar vegane og styrker vår maritime infrastruktur. Det handlar om heilskap – ikkje særinteresser.
Vi krev vidare at Kystverket straks får fullføre forhandlingane med entreprenørane som har lagt inn anbod. Først når desse forhandlingane er ferdige, får vi den endelege prisen på bordet.
Vi minner også om at Stad skipstunnel ikkje har høgare kostnadsvekst enn andre infrastrukturprosjekt i Noreg frå 2021 til 2025. Dette er heilt normal kostnadsutvikling som har ramma alle prosjekt i denne perioden.
Vi forventar at regjering og Storting no står ved tidlegare lovnader og prioriterer kysten. Vi krev at Stad skipstunnel blir bygd. Dette til beste for tryggleiken på sjøen, for verdiskapinga i næringslivet og for framtida til kystsamfunna våre.
No er tida inne. Lat oss realisere Stad skipstunnel!